lørdag 10. januar 2009

Panel vs. kvitmalt.






No er eg så smått i gang. Mentalt har eg tenkt på det i nesten eit år, men ikkje hatt heilt
tida til å gjere noko med det.

Vi har budd i huset i snart ett år no, og eg klør etter å ta tak i loftet som vi framleis ikkje brukar til dagleg.

Der er tre soverom (evt. to soverom og ei loftsstove), samt eit lite toalett.

I fyrste omgang skal eg male loftstove. Heile etasjen er panel, så det skal bli godt å få det litt lysare. Legg ut eit par bileter av korleis det ser ut i dag... så får vi sjå korti eg er ferdig.

Eg håpar naturlegvis at min kjære mann skal vera med å male litt òg. Då blir det fart på sakene:)

Heile hovudetasjen er malt lyst, og der er vi veldig nøgde etterkvart!

PS. Bileta viser eit herleg kaos, og kaos er det... enn så lenge:)

GOD HELG!

Gunnhild

5 kommentarer:

  1. Oi oi oi -eg eeeeeeeeeeeeeeelske panel......!!!! Du har møje godt arbeid framfor deg! Husk kvistlakk..... Eg har ett godt tips -bruk svampen te den allerminsta jotun rullå -så går kvistlakkingå som en lek :-)

    SvarSlett
  2. Hei kjære! Kvistlakken er eg ferdig med, heldigvis... hehe... No har eg kjøpt rulla:). Skikkeleg inspirert av deg og den energien du viser via bloggen:). Klem

    SvarSlett
  3. Hei på deg.
    Eg foreslår at vi tar ein skikkelig maledugnad hos deg ein kveld? Eg skal sjå å få booka ein kveld. Du gir meg beskjed når du har kjøpt maling:)

    SvarSlett
  4. Det hadde vore kanon:). Ikkje stress, får ta den tida det tar. Men gu kor fint det blir då. Løv

    SvarSlett
  5. Men du -eg føreslår at me begynne dugnaden hos meg!!! Eg har "bare" heile gangen nere... Maling og grunning og alt e på plass! Pliiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiis passe de i mårå??

    SvarSlett