lørdag 3. januar 2009

Ein god start på 2009!



I dag har vi rydda, brent boss og vore på familiebading i varmebassenget på Husnes.
DEILIG DEILIG!!!!!!

Vi fekk årskort i julegåve så no skal det badast.
Ungane storkosa seg, og det gjorde vi "store" òg. Føler meg ikkje heilt vaksen endå...

Eit bilete frå solnedgangen i dag.
Ikkje så spanande, men det er no ihvertfall den flotte utsikten vi har her i frå "kråkeslottet".
Endå finare er det på sumarsdagen, men masse båtar og ikkje minst herleg barnelatter frå stranda litt nedanfor.


G.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar