søndag 16. mai 2010

Ostekake, Heidi spesial!

Mi kake er endå ikkje pynta, biletet er lånt frå mollerens.no


I morgon er det 17. mai og familien Nilsen Hillestad gledar seg veldig...tihi... 

Litt mat er førebudd til i morgon, blandt anna ei ostekake.

Oppskrifta har eg fått frå ei super veninne og kan anbefalast alle på det varmaste.  

Ostekake Heidi spesial:

Kok opp 1 1/2 dl vatn og rør ut 1 pk gele (sitron, bringebær, you name it) KJØL NED.

Botn:

Knus ein pakke mariekjeks eller digestive og bland i ca. 150 gram smelta meierismør.  Ha det heile i ei kakeform (sett i kjøleskap)

Fyll: 

Pisk 3 dl fløyte + 1 1/2 dl sukker + 2 ts vaniljesukker. Rør deretter i 250 gram naturell ost (tine evt. philadelphia) + to boksar creme freche. Bland alt saman og tilsett til slutt gele.

Hell røra over kjeksbotn 0g sett det heile i kjøleskapet. 

Heidi brukar alltid sitrongele, det gjere kaka ekstra frisk og god.  Eg måtte nøye meg med bringebærgele i dag, og i tillegg måtte eg jukse med rømme istadenfor creme freche. Såvidt eg las på nettet skulle ikkje det ha noko betydning i denne samanheng.

Dette er ei kake du ikkje skal steike, ENKELT OG GODT!

GOD 17. MAI ALLE SAMAN.

Klem frå oss i kråkeslottet




1 kommentar:

  1. Gjett om vi gler oss masse:)

    Klem sista m fam.

    SvarSlett