mandag 22. februar 2010

Godt å få dåke heim!

I heile to veker har mormor og bessen vore på reis til Thailand. To veker føles VELDIG lenge for 4 barnebarn. Heldigvis fekk vi postkortet i grevens tid...hehe. Det pussige var at ingen av korta hadde frimerke? Men ungane er endå for små til å gjennomskue mormor's lure triks! Trur du ikkje koffertane var proppa full av byblomar då? Fnis. Jentene er utstyrt med Thailandske nattkle, klokker, sandalar, medan guttaboys har fått tøffe fotballdrakter i alle variantar, samt tøffe sandalar!

TUSEN TAKK!!!!



Ekte silkenattkle falt i smak!





Søte sommarsko på bleike barneføtter!


Det er alltid godt å få samla familien igjen:) No vil eg tru sommarskoa lagt på hylla, for her snøar det noko heilt ekstremt om dagen. Snøfresen til han far er god å ha i desse dagar! Jammen har vi vore heldige med veret denne vinteren. Ungane har vinterferie og boltrar seg i snøen seint og tidleg.



Snømannen Kalle er i ferd med å forsvinne i snøen!

Ha ei fin veke folkens!

Klem Frøydis

2 kommentarer:

  1. To sjeler og ein tanke:). Konge. Klem G

    SvarSlett
  2. Følelsen når herlige små strekker armane mot deg må opplevast!!
    mormor

    SvarSlett