søndag 31. januar 2010

Gratulera med dagen vesle Olida!

I dag har vi feira vesle Olida sin dåp. Det var ein heftig start på dagen. I løpet av natta var det komme 20 cm nysnø, det var blåst rundt i fonner så det var mest ikkje mogleg å sjå ut vindauga! Heldigvis kom onkel Pelle med traktoren og fekk brøtt heilt fram til garasjen! TUSEN TAKK....

Klokka 11 byrja dåpen på Utåker, det var ei kosleg fin kyrkje. Presten var veldig flink, og ungane koste seg....


Dåpsbarnet hadde eit strålande humøt, og ho småflørta noko voldsomt med onkel Bjørn....:)

Små og store koste seg med koldtbord som inneheldt masse godsaker... Heimelaga lasagne, potetsalater, pastasalater, kylliglår, karbonader, aspik, hot-dogs, dressinger og ellers alt du kan tenkja deg!
Sitat Marcus: "Mamma, kvifor var det egentlig så gøy i denne dåpen?
Tusen takk for oss vesle Olida! Vi er svært stolte av å vera fadrane dine.
PS: Grattis til onkel Byngen og, håpar du har hatt ein kjekke dag i snøen:)
Stor klem frå tvillingane

mandag 25. januar 2010

Middagsbesøk....



Sundag hadde vi deilig middag hos tantene på Husnes. På menyen stod det Lundals pinnekjøtt! Heilt i svigermorsånd. Til dessert hadde vi riskrem med raudsaus og firkløverkake. Vi blei så metta at vi måtte legga oss nedpå etter måltidet. Ungane gjekk opp på loftet og såg Olsenbanden, medan dei vaksne hadde middagskvilen:)

Mi kjære siverinne har det så utruleg gjennomført i heimen. Dei fleste bileta eg knipsa vart for mørke, men serien over gir dåke eit visst inntrykk.

Klem Frøydis

torsdag 21. januar 2010

Bryllup, her eller der?!?


Vi står framfor det store valget om vi skal ha bryllup her i vakre Noreg eller i utlandet.
Det hadde vore fantastisk med sol, varme, basseng, brune kroppar, ferie, god spanande mat, vin, blide ungar, ja i det heile. (Du får jo akkurat det samme her heime, men litt meir spanande i utlandet på eit vis). Det er jammen ikkje lett å bestemma seg. Vi hadde ei fantastisk erfaring for to år sidan då vi var å feira bryllup i Barcelona, og tok sju dagars ferie på eit stort slott ca. ein time frå byen etterpå. Ein opplevelse vi aldri vil gløyma.


Difor hadde det vore fantastisk å gjenta denne historien, då med nytt brudepar. For sikkerhetsskuld har brura samme forlovar (Heidi =beste ven gjennom mange år) samt tvilling nr 1( = beste ven og søster gjennom heile livet).

Viss du har tips eller erfaring så er det veldig koseleg med ein liten kommentar på bloggen.
GOD HELG!
Beste helsing Gunnilla




På tur

Til jul no hadde vi da stora koffert året. Meg og storajento fekk like rosa kattakoffert. Eg stor og ho liten! Vi vart kjempe glade begge og gler oss te å kunna reisa på ferie i lag:-)
Godgutn fekk ein svart liten, og han planlegg no tur te onkel i byen. Der kofferten skal innviast og han og onkelen skal eta chip og rømme....
God jenta fekk vera ei natt hos mormor sist helg og traska så stolt i vei med utstyret sitt i kofferten.





Må til slutt ta med eit bilde av minsta gullet som ikkje er så liten lenger. tenk no er ho tre og ein halv månad og skal døypast neste søndag.
Ha ein fin kveld
V


mandag 18. januar 2010

TITT TEI!

Dei Tre Kusinene har tatt seg ein ekstra lang juleferie:)

Fam. Nilsen Mathisen gler seg stort over det vesle underet i magen:) Forrige veke hadde vi det aller første møtet med vårt nye familiemedlem. Ho ser fantastisk skjønn ut. Mathisen panna og Nilsen nase...fnis.... Prinsen er lettare skuffa over kjønnet, medan prinsessa jubla av full hals...




I juni har ho meldt sin ankomst, så får vi sjå om vi klarar å time det til mormor sin bursdag 7 dagar før termin....? Å kor vi gler oss!!!

Stor klem fra Frydis

søndag 10. januar 2010

Kjekt med gode vener!

Det har vore nok ei hærleg helg med snø og sol! I helga har vi hatt liggebesøk av Henriette, det var knall kjekt. Dei koste seg glugg. Dagen etterpå fekk ungane ligga hos mormor og bessen. Då har dei det som plomma i egget mildt sagt!





Takk for at du kikkar innom!
Ha ei fin veke i kulden:)
Klem Frøydis


torsdag 7. januar 2010

På hytta med svigers & Co.

I nyttårshelga var vi på hytta med svigers, ute var temperaturen minus 25 grader, så vi kosa oss mest innandørs med GOOOOD mat og drikke, lesestoff, tegnefilm, leik og balluba. 

Vi var sjølvsagt ute å lufta oss litt i korte økter, men brrrr kor kaldt det var. 

Geireguten kosar seg med farmor og farfar (julemiddag i bygdo)


På veg frå hytta, gjennom bilvindauga. Kjempe flott! 
Koselege julalys på ei lita furu utanfor hytta. 

Mannen med pels! Trur neppe han angra på  investering i denne jakka...kjem godt med i vinterkulda.





Vesleguten varmar seg framfor peise ein tidleg morgon, skikkeleg søt. 

HA EIT GODT NYTTÅR ALLE SAMAN.

Klem Gunilla 



tirsdag 5. januar 2010

Vinterbilder fra Smeaheia!

No har vi hatt kaldt og deilig ver i vekesvis! Det er fantastisk at snøen har lege så lenge. Ungane koser seg på skulen, barnehagen og utanfor huset kvar einaste dag! Litt bilder frå nyttårshelga. Tante Sigrid hadde ein fantastisk akebakke som nærmaste nabo. I følge Marcus gjekk rumpeakebrettet i over 100 kmt!






Ha ein god veke folkens!
Litt bloggtørke her om dagen....
Klem Frøydis

lørdag 2. januar 2010

Kos og strikkerier!

Her i Sandnes har vi ein alletiders ferie med tante Sigrid og "onkel" Inge! Nyttårsafta koste vis oss med kalkun, sjokoladepudding, fruktsalat, snop og masse brettspel!
I dag har vi vore på middag hos Shalini med familie. Vi fekk servert deilig indisk middag. Det var kjempe godt! Dei er gjestfrie som alltid. Etter middagen drog vi på kino og såg "Alvin og gjengen". Ungane skrattlo frå byrjing til slutt, så det var absolutt vellukka.


Læremesteren sitt prosjekt!


Amanda har fått sine første sokkar av mormor..hehe

Ellers så kan eg meddele at Sigrid har lært meg å strikka sokkar....ENDELIG!!! Vi koser oss litt om morgonen, litt utpå dagen og masse om kvelden... Så no er eg klar med mine første tre sokkar. Kanskje rekk eg ein til før vi reiser heim? No må eg berre halde det ved like...Godt svigersysto kjem heim i januar.

Ha ein strålande dag. Tusen takk for at du ser innom bloggen vår.

Klem ♥Frøydis♥