lørdag 24. oktober 2009

Epleslang på lyse dagen.

Det å gå på epleslang er ikkje i utgangspunktet noko å skrive om på ein blogg, men i dag gjorde vi det!

Ganske frekt tenker nok mange, men eplene hang der kun til nedfalls på ein gamalt småbruk der ingen bur.

Eplene er til stor glede for oss og vi tok med oss nokre få då vi passerte treet tidlegare i dag...Mmmmmm! Gøy på landet!


Eplene var saftige og gode, og skikkeleg populære blandt dei minste, samt dei store...

I tillegg til epleslang så vart mamma og pappa sin båt tatt opp i dag. 

Ein liten diskusjon om korleis båten skal takast opp på best mogleg måte! Paps hadde full kontroll. 

Det heile gjekk knirkefritt, bortsett frå at team svigers trakka godt uti og blei kliss våt. Til stor glede for ungane:). 

Eg tok nesten hundre bilder av ungane medan eg var i båthavna. Det var liksom ikkje dagen for bileter i dag. Sjølv ikkje TO tyggisar freista nevneverdig til å bli fotografert... 


GOD HELG ALLE SAMAN

Klem frå Gunilla 

5 kommentarer:

  1. Hei min kjære!! For noken fantastiske bilder du har tatt! Kan eg leige deg inn som fotograf for mine små:) Godt å endelig ha dåke heime igjen. Dåke har virkelig vert savna!! stor klem fra Heidi peidi

    SvarSlett
  2. takk snille, men som eg skreiv så var det ikkje heilt dagen...tihi... Håpar å møtast denne veka!!! Absloutt på tide. Hos meg ein dag snart, når det passar deg og F. Klem G

    SvarSlett
  3. God morgen!
    Va ikkje så verst bilder likavel ;-)

    Ha en fine dag :-)

    SvarSlett