søndag 15. mars 2009

Gøy på landet....

I helga har vi hatt juniorane i Kråkeslottet på overnatting! Det har vore VELDIG
stas for alle mann. Gu kor glade dei er i kvarandre. Gutane låg ilag på eit rom, i dag morges låg Marcus våken i senga og venta på at minste prinsen skulle våkne opp. Jentene låg i dobbelseng på prinsessa sitt rom. Dei har leika non stop i eit døgn no....Sundag har høgdepunktet vore ein nistemat-tur til Stigen. Vi har kost oss med bollar, frukt, kakao, saft og buguetter. På vegen opp brukte vi tida på å studere sauer, traktorar, geiter, fuglar, kaniner, kattar og andre søte firbeinte. Vi er jo særdeles heldige med så mykje spanande rundt oss til ei kvar tid... Det gjeld berre å ta seg tid til å nyte det....


4 kommentarer:

  1. Så koselig helg dere har hatt - og så kjekt og søtt at ungene er så glade i hverandre. :)
    Ha en fin søndagskveld!

    SvarSlett
  2. Takk for hyggeleg helsing på sida vår:) Fantasktisk, stemningsfulle bilete. Artig å sjå andre bloggarar frå Kvinnherad. Ha ein fortsatt fin kveld! Mvh Siv, Anna og Atle

    SvarSlett
  3. Såg kjempekjekt ut :-) Åsså de deiliga veret som har våre :-)

    God veka i vente te alle 3!!

    SvarSlett
  4. Å så koselig dåke har hatt det:). Saknar heim no. To dagar frå ungane er MEIR enn nok. Alltid kjekkast å ha dei rundt seg!!!! Anthony and the johnsens konserten var fantastisk bra. You are my sister... fantastisk bra!!!! Klem G

    SvarSlett