søndag 15. februar 2009

Voksduk lenge leve!

Endeleg har eg fått meg nokre nye etterlengta voksdukar. Voksduk er heldigvis ikkje lengre det dei var. No fins det dukar i eit hav av fargar og mønster... Prinsippet er det samme, lett å halde reint og ikkje minst det mest skånsomme for trebord. Genialt når du har små ungar som ikkje alltid et like fint som oss vaksne...


Mamma har vitja Stoff og Stil, og kom heim med fem ulike dukar. Eg gav ho stikkord som bursdag prins/prinsesse, sumar og kvardag! Eg kunne ikkje gjort det betre sjølv. Heilt perfekt etter min smak!!!! 


Dette er kvardagsduken med turkis/mintgrønn og kvite prikkar. Samme sjanger som i liftgardinene som eg er så glad i. 


Vesleguten seier farvel til vinteren medan han skuer ned på dei to enorme snømenna nedi hagen, PAPPA OG PRINSEN. 

Prinsessa har vore med meg på loftet i dag, vi har malt nokre "settebord" og ein heimesnikra garasje som snart skal få komme ned i varmen. Det var stor stas!!!! 

Ha ei god natt og takk for ein fin kveld Anne Tone og Vibeke.

G

4 kommentarer:

  1. Flinke du e då -legge ut nytt innlegg ETTE me hadde gått -sjøl om me va så lenge ;-) Kjempekoselig å væra på besøk hos deg!!

    Skikkelig lyst å mala panel eg nå :-D

    SvarSlett
  2. Steikje fine gardine ;-)
    RiH

    SvarSlett
  3. Tror jammen jeg må ta meg en tur på stoff og stil! kjempe fine duker!! Flink mamma du har da..:). og..ja...nå regner snøen bort!

    SvarSlett
  4. Veldig fine dukar! Kor har dei den butikken?

    SvarSlett