mandag 23. februar 2009

Ting og tang.


Tingbutikken på bryggen er ein av mine favorittbutikkar i Bergen by (som forøvrig er min favorittby på vestlandet).

Då vi budde i Bergen gjekk vi ofte innom her i helgene.

Det kjekkaste var opningstidene. Den hadde søndagsope, det passar jo oss bønder perfekt når vi er i Bergen, ofte ei helg:). Der finn du alt du skulle trenge til kjøkken, bad, etc. 

Til jul kjøpte eg såpedispenser og tannkostholdar til mamma og pappa.

Sidan vi er på liggebesøk i dag så tok eg bilete av dei då ungane fekk seg eit kveldsbad. Husfaren er på jobbtur, så då passar det fint å overnatta hos mamma:). Det er jo berre nokre hundre meter mellom husa, men likevel. Stor stas!!!! 

Ha ein fin kveld.

Butikken finn du her.

3 kommentarer:

  1. Så kjekt å ligga over då:)
    Flinke til slikt dåke. F

    SvarSlett
  2. Kjempe fine. Trur jammen eg må ha meg ein tur der neste gang vi er på dei kantar! Nokon hos oss har så lyst te onkel! V

    SvarSlett
  3. sku ønska eg va på liggebesøk en anna plass :-)

    SvarSlett